Trek Bikes Sponsring Haglöfs ChessHelsportSport 1

Ferie i færing, langs fjord og fjell.

 

-Gå ikkje over bekken etter vatn. Opplevingane ligg klare rett utanfor stovedøra di. Med telt i bagasjen kan du ta alt som det fell, og slå leir kvar og når du vil. Då kjenner du deg fri.

Hotell gjennomtrekk.

-Båten var lasta med soveposar, telt, kassar, sekker, hammar, spikar og tau m.m. Og båten bar, trass dystre spådomar frå ertelystne ektemenn. Då me starta inst i Austefjorden var veret måteleg bra. Det småregna, men regnet auka, så då me to timar seinare landa i fjøra på Store-Mek, våte og glade. Husvære for natta, var hotell gjennomtrekk de lux. Men sidan det no bles opp, vart det god kletørk for plagga som flagra frå spikrar, bjelkar og tau. Nothenget hadde tak, men mangla både dør og vegg, sjølv om ei og anna fjøl minte om betre dagar. Kåken hadde berga seg gjennom storstormane, men var tydeleg merkt av dei. Utpå fjorden kvitvelte bylgjene, då me kraup i soveposane. Men natteroa varte ikkje lenge, for me oppdaga at båten som hadde lege fortøyd i ei bøye ved naustet, var borte. Trioen tørna ut. Og no vart det båtberging og takksam eigar. Neste morgon hadde det fjøra så mykje at det tyktest uendeleg langt frå båten til havet. Men kva greier ikkje sterke jenter?

Rosiner på sætra.

Den nye dagen baud på opphaldsver, og det var småbølgjer på fjorden. Men ikkje før var frukosten innabords og færingen klargjord, før nordvesten var komen på banen. I aukande motvind rodde me vidare, men bylgjene vart etter kvart så store at me la til land. No skein sola på oss i nokre sekund, og me bada i "ishavet". Etter lang kvile og god mat, la båtlaget prestisjen på hylla, sende Ragnar Thorset, som rodde åleine over nordsjøen ein tanke, og snudde. No då me spela på lag med nordvesten gjekk det så det fossa om baugen, og på returen brukte me berre fjerdeparten av tida på same strekning attende. Men sjøen tok kontrollen, bølgjene kvitvelte, og båten rulla. Voldsfjorden er ikkje til å spøke med, det visste me, og la til land att. Med færingen godt sikra, endra me plan, og ei tid etter sat me på Krumsviksætra og åt rosiner. Småregnet bløytte oss, så om kvelden hang tjøreflekka bukser til turk i naustet der ein snill bonde baud oss husly for natta. Han hjelpte oss også med å få båten i trygg avstand frå bylgjene. Men då han ymta om at dette var nær svartestille, innsåg eit par av oss at sjøen kanskje ikkje er vårt rette element. Me ordna kveldsmat med forviklingar, på mitt eminente "stormkjøken", og avslutta dagen med Fadervår. Om natta bles det, og regnet tromma på taket, så i firetida var ein vaktpost oppe og såg etter båten. Skodda låg då heilt nedpå sjøen, men det var ei aning av ljoske i skydekket på austhimmelen, og det gav von for ein ny dag.

Ufrivillig bad.

Morgonen rann med svartestille, og no skjøna me å nytte den laglege tid. Audhild som hadde sove lite om natta, måtte vekkast med hard hand, så me kom oss avstad. Framleis var det tre optimistar som rodde på strak arm innover, før me kryssa over breide Voldsfjorden til Furnes. På denne strekninga skein sola akkurat så lenge at jakkene laut av, og ho som hadde friøkt rakk også å stige i shorts. Ikkje før me kom til inste Hjorthaug la me til land. Men det skulle me ikkje ha gjort, for det vart landgang med forviklingar. Eit lydeleg plask, og tredelen av trioen hamna i sjøen med briller og fotoapparat. Trass kuldesjokket, skapte det stor stemning, og lattersalvane trilla utover fjorden. Til all lukke hadde me enno turre klede i sekken, men dei var knapt komne på, før himmelen opna slusene att, og slepte laus ei "redige fuke" med styrtregn og vind. No vart det ny båtberging, for bylgjene kvesste seg meir enn godt var, og det ekstra toget kom godt med.

Spanande nærmiljø.

Lenger inne i fjorden hadde me middagskvil med nasen peikande mot sky, medan herleg småregn prikka i fjeset. Litt seinare og litt lenger inne i Austefjorden møtte me "Mannen på Øya", den 93 år gamle einebuaren Knut Årsetøy. Me prata med han og gjekk tur omkring på den idylliske øya. Ved fyret sat me lenge og let intrykka sige rett inn i rolege, avstressa sinn. Det vart korte økter ved årane fordi det var så mykje me ville sjå. Me såg jettegryter, og kulturminne frå tida då notlaga dreiv på det beste. Nonsmaten åt me på berga der, med innlagde regnbyepausar i skogkanten. Men det gamle nothenget innbaud ikkje eingong oss til overnatting, og me tok til årane att. Skal eg seia sanninga, så var me hjarteglade for at me ikkje trong nytte teltet no heller, for siste natta regna det verre enn før. Men då låg me trygt og godt i naustet hans Hamre-Knut. To låg på naustloftet og den tredje ved naustdøra saman med båtparken, og med utsikt mot det mektige Blåfjellet. Siste morgonmålet vart noko ufredeleg, for Hamregeitene var ikkje berre interesserte i oss og maten vår, men dei hadde og sans for tjørebreidd båt. Dette vart god morgontrim. Ikkje før me tok vassbytta fatt, trekte geitene seg attende.

Fellesskapet viktigast.

-Det var ein gjennom vellukka tur, med mange fine opplevingar. Det var fred, ro, og boblande glede. Det var mykje regn, noko vind og bølgjer, men også kjærkomne glytt av sol. Me har høyrt mange av melodiane som sjøen spelar, har opplevd luktar, lydar, dagning og skyming. Og sett mange blome- og fugleartar, kjende og ukjende. Vassblemmer i hendene hadde me utruleg lite av etter eit så uvant arbeid, men dei var den einaste skavanken me fekk. Vinninga vart ein sterkare kropp og mykje frisk luft. Me har også vorte monaleg betre kjende i vår eigen kommune. Men fellesskapet var det viktigaste.