Om Valborg
Valborg Hustadnes (1942 - ) vaks opp i den vesle bygda Ytre Ålvik i Hardanger, og har gjort mykje i sitt liv.
Då ho var 15 år gammal flytta ho åleine frå Ytre Ålvik til Oslo for å klare seg sjølv og skaffe seg ei utdanning. Dette klarte ho med glans, og har etter det fått med seg både idrettslinja på høgskule i Danmark, samt å arbeide som gymnastikk- og symjelærar, ambulansesjåfør og hjelpepleiar på både sjukehus og omsorgssenter. Etter å ha avslutta karrieren med mange år i psykiatrien, nyt ho no livet som pensjonist med den fridom det inneber.
Friluftsliv har alltid vore ei av dei absolutt største interessene hennar, og dette har vist seg i form av fleire oppfinnsame turar til fots, til havs og på sykkel. Les meir om nokre av desse under Tidlegare turar. Entusiasmen og engasjementet for friluftsliv er ein stor grunn til at dei seks barna hennar også har blitt aktive friluftsmenneske.
Å skrive er ei anna stor interesse. Gjennom åra har ho skrive ei stort mengde lokalhistoriske artiklar for lokalavisene heime på Sunnmøre. Ho har også starta sitt eige bokforlag, og skrive tre bøker. Desse kan du lese meir om under Kviven forlag.


