Trek Bikes Sponsring Haglöfs ChessHelsportSport 1

Telttur til Norddalen.

Når dei eldste borna får spørsmål om det er ein fjelltur frå barndomen dei hugsar framom alle dei andre, svarar dei: - Teltturen til Norddalen. Eg spolar 31 år attende, og fram kjem minnet om dei fine julidagane i ”vår eigen fjellheim.”

Norddalen ligg på solsida 580 meter over Geitvika i Austefjorden. Dalen er ramma inn av fjell på tre kantar, med opning mot sør. Dei fleste år kan ein kome seg hit til fots i slutten av mai. Går ein åleine, lettføtt og stilt, er det stor sjanse for å sjå hjort eller orrfugl på vegen. Sela på Norddalsætra ligg flott til på ei graskledd høgde. Mektige Blåfjellet (1285) saman med Kvandalshesten (1289) gjev ly, men stengjer utsikta mot vest. Gjuratindane med Storetind (1408) er særprega fjell og kneiser som ei gnistrande tinderekkje mot himmelsjå i nord.

Sandeggja (1389), står stø og traust mot aust.

Fjell-lengt.

Det var ein midtsommardag, og me hadde eit sterkt ynske om ein skikkeleg fjelltur. Ikkje berre det vanlege: Tur til ei sæter, og så heim att. Men det er ikkje enkelt å kome særleg langt på ein dag, når ein har med seg fire born i alderen 4 til11 år. To bitte små telt gjorde det mogeleg for oss å vere i fjellet i heile to dagar, og det opna for flotte opplevingar i fjellheimen.

Me fordelte etter alder, og pakka telt, soveposar, mat, klede, fiskeutstyr m.m. i sekkene. Alle fekk noko å bere. Frøystein, som var fire år, bar rosiner, godteri og nokre fiskekrokar. Så tok me i veg. Streva oss oppetter Fyrdsberget og forbi Lisjedalsætra medan sveitten sila. Oppover Bjønnalibakken måtte det ekstra motivering til, fordi flugene plaga oss så mykje at ein av gutane ville snu heim att.

Men då me nådde Norddalsætra, var all plage gløymd. Då var iveren stor når telta vart reiste på sætra. Gutane fekk høyre om gygra som bur i Gjuratindane, og som heilt sikkert held auge med oss nede på sætra. Dei største karane tok med oteren og gjekk til Lange-vatnet og fiska. Der oppe er ein sikker fiskeplass, som alltid gjev fangst anten med garn eller oter.

 

Minnerik morgon.

Det er fint å sove i telt ei herleg sommarnatt, ikkje berre for smågutar. Men natta vart kort for Halldor og Johan når dei av eigen fri vilje stod opp klokka fem. Dei hadde høyrt at fisken bit så godt i solrenninga. Glirøygde kom dei seg i kleda, ordna fiskestengene, og tusla så langs kulpane i våtmarksområdet. Dei fekk nokre små fiskar, men det er ikkje det viktigaste. Langt større verdi for dei har truleg naturopplevinga frå denne vakre morgonen, trur mor deira.

Helvetesdalen.

Etter ein god frukost på stølsvollen, starta me på tur mot Helvetesdalen. Der er fint, lettgådd terreng oppover langs elva til Kvanndalstjørna, som er oppdemd og sender vatnet ned i Kvanndalen gjennom ein tunnel. Frå den gamle demninga hadde me flott utsikt over det uttørka elvefaret som endar i den vakre Norddalen, der me såg telta våre som to små prikkar. Sætra låg bada i sollys medan skodda stengte utsikta ned mot Austefjorden. Me gjekk ut på kanten av Mari-Jon-stien og såg utover Kvanndalen og Ørstafjella. Så granska me luka som stengjer eller opnar for vatnet, før dei tre største gutane gjekk vidare saman med mor. Me fekk ein flott tur til den særmerkte Helvetesdalen. Der inne blømde Issoleier mellom snøflekkene. Desse julidagane vart ugløymande på fleire måtar. Seinare har Norddalen og fjella i området vore flittig besøkt av alle i familien, og er mellom turfavorittane for fleire av oss.