Trek Bikes Sponsring Haglöfs ChessHelsportSport 1

På sykkel frå Ystad til Kirkenes

Turen går frå Ystad, lengst sør i Sverige, gjennom Finland og til Kirkenes i Nord-Norge.

Tidlegare har eg sykla mellom dei fire geografiske ytterpunkta i Noreg. Og etter kvart kom tanken om å utvide til Skandinavia rundt. Denne turen blir ein del i det puslespelet.

 

Vegvalet

Planen er å sykle langs Sverigeleden frå Ystad og oppover til eg kjem omtrent på høgde med Göteborg, og deretter svinge av ut mot Sverige sin austkyst. Det blir lengre, men langs kysten er terrenget meir variert og det er meir å sjå. Møte med nye menneske er alltid interessant, og ein viktig del av turen for meg. Alternativet ville vere å sykle langs Innlandsvegen frå Mora og gjennom heile Nord-Sverige, men store delar av turen ville då gå gjennom furuskog med relativt einsformig utsikt. Dessutan ville eg ikkje sett så stor pris på å treffe bjørn.

Eg kjem til å fylgje austkysten oppover forbi Luleå og svinge inn mot Finland ved Kalix. I Finland syklar eg via Pello og Inari og kryssar så over den norske grensa til Neiden.

Når eg kjem til Neiden er det ikkje mange mil til Kirkenes. Derifrå går det fly eller hurtigrute, så eg lett kjem meg heim att. Eg har og ei syster i Kirkenes.

 

Kva vil eg med turen?

Målet er å gjennomføre noko eg har hatt lyst til svært lenge, medan eg enno har sjansen. Det er ei drivkraft i meg som har lege på lur. Men ledda mine har gjort at eg ikkje våga før. No har eg innsett at eg ikkje vert betre, berre verre. Eg blir ikkje yngre, tvert imot, og det er rein egoisme som driv meg når eg no legg ut på tur.