Trek Bikes Sponsring Haglöfs ChessHelsportSport 1

Sponsorane mine


Haglöfs

Haglöfs er ein velkjend leverandør av frilufts- og sportsutstyr i Skandinavia, og er no i ferd med å etablere seg som eit stort varemerke også i andre delar av verda. Produkta inkluderar både skotøy, soveposar, ryggsekkar, klede og praktisk tilbehør, og høg kvalitet er noko av det som blir assosiert med logoen.

Frå Haglöfs får eg velje fritt frå produktkatalogen til ein god pris. Eg kjem likevel til å halde med til klesplagg, vottar og huer. Enn så lenge har eg ikkje bestemt meg for kva plagg egg skal velje, men eg kjem til å skrive meir om dette etterkvart.


Chess

Chess er ein av Noregs mest velkjende mobiloperatørar, og har dei siste seks åra blitt kåra som det firmaet som har best kundeservice og mest fornøgde kundar. Chess har gitt meg ein Nokia N86 som skal fungere som sambandsentral på turen. Med denne kan eg ta bilde med høg kvalitet, ringe og skrive meldingar till presse og familie undervegs, i tillegg til å blogge gjennom mailfunksjonen.


Helsport

Helsport er eit norsk familiefirma som gjennom dei siste 50 åra har egna seg til å utvikle optimale telt, soveposar, ryggsekkar og klede til frilufts- og ekspedisjonsbruk. Frå Helsport får eg ein god pris på telt og sovepose til turen, noko som er sentralt for å få ei god turoppleving gjennom å holde meg tørr og varm om natta. Teltet eg har valt å ta med meg er av modellen Ringstind Light for 2 personar. Eg tek også med meg ein gapahuk/oversegl. Soveposen er Nona XT. Desse produkta har eg valt på grunn av låg vekt og at dei tek lite plass i bagasjen. Gapahuken er praktisk i regn, den gjev større plass. I fint ver kan eg bruke den utan telt og slik spare tid og arbeid.


Trek

Trek er ikkje berre ein sykkelleverandør, det er ein sykkelleverandør med ambisjonar om å påverke verda og miljøet gjennom måten vi menneske brukar sykkelen.

Trek sponsa meg då eg sykla mellom Noregs fire geografisk ytterpunkt, og samarbeidet var prega av god service, hjelpsame kontaktar hos Trek og produkt med høg kvalitet. Med detta i tankane søkte eg igjen om sponsing frå Trek, og dei gjev meg no den kanskje viktigaste delen av utstyret på turen: En Trek 7.5WSD (Womens Specific Design) som eg skal ta meg gjennom Sverige, Finland og ein liten del av Noreg på. Denne modellen blei testvinnar på TV2-hjelper-deg for to år sidan.


Sport 1 Volda

Sport1 Volda er ein liten, koselig butikk med eit bra utval av kvalitetsprodukt innanfor sport og friluftsliv. Butikken er prega av god service og personalet er imøtekommande. Frå Sport1 Volda får eg eit gassapparat, sannsynlegvis av merket MSR. Den skal vere liten og lett og kunne transporterast i kokekara.