Trek Bikes Sponsring Haglöfs ChessHelsportSport 1

Postvegen, mitt Everest.

På sykkel langs postvegen frå Bergen til Trondheim.

- Eg høyrer til mellom dei som slit, vert gjennomvåte og dødstrøytte. Men som tykkjer det gjev glede og velvære å slite for å nå målet, og vinne over motbakkane eller avstandane med eiga muskelkraft. Det er også mest helse å hente i motbakkane. Utan utfordring gjev målet mindre glede. Var eg aldri våt, kjende eg heller aldri velværet ved å byte til turt.

- Skal du fara åleine? spurde dei. – Ja. - Kvar skal du sova? – Eg tek med telt og sovepose, så søv eg der det fell seg. – Men er du ikkje redd? - Nei det er eg ikkje. Eg reknar ikkje med å møta korkje ulv eller bjørn. – Men kan du lappe dekk? spurde dei. - Nei, det kan eg ikkje, men eg satsar på å løyse problema om dei dukkar opp. Dersom alt skal vera hundre prosent sikkert, kjem ein seg aldri nokon stad. Innvendingane var mange. Men sidan den fine Meridasykkelen, som eg hadde fått av Posten A / S, alt stod på tunet heime, var det for seint å trekkje seg. Sykkelturen langs postvegen mellom Bergen og Trondheim måtte gjennomførast, uansett. Og eg såg fram til startdagen med spenning og forventning.

Ei levande sogebok.

Postvegen mellom Bergen og Trondheim er som ei levande sogebok. Han er det lengste kulturminnet i landet, ein opplevingsveg og ei utfordring,til alle som likar å ferdast i naturen. Det var interessa for natur, friluftsliv og kulturhistorie som var årsaka til at eg tok ut i postførarane sine spor. Men eg ønskte også å prøve meg sjølv, kva eg kunne klare. På postvegen fekk eg kombinere alt dette. Kultur- og naturopplevinga var det sentrale. I tillegg fekk eg rikeleg mosjon. Eg kjende meg ikkje einsam, ikkje eit sekund. Eg trivst eigentleg best åleine, for eg ser mykje meir, og opplever lukter, lydar og stilla sterkare då. Sykkelen var framkomstmiddel, men han bar også hus og seng, kokeutstyr og klede. Tanken på dei menneska som har gått med posten i hundrevis av år, gjorde det til noko heilt spesielt å ferdast her.

- Langs Postvegen såg eg mykje fin natur, og vakre imponerande byggverk som fortalde meg om menneske som levde og streva i ei anna tid. Like mykje som i det ytre, var opplevingane inne i mitt eige sinn. Eg undrast mykje på livet til dei som bygde vegen, eller til postførarane, som gjekk langs postruta til alle årstider og i allslags ver, med fare for både villdyr og ransmenn. Men dei hadde kortare rode og ingen tunglasta sykkel, tenkte eg.

Tungt!

Før eg drog heimanfrå, visste eg at det ville verte mykje tungt slit, for postruta går kortaste vegen fram, over fjordar og fjell, langs strender og dalsider. Lange strekkjer er i forunderleg god stand, men andre stader er vegen attgrodd og lite framkomeleg. Denne ruta er for dei som ynskjer litt ekstra trim i tungt terreng. Særleg første delen var mykje av postvegen intakt, og var difor eit slit å forsere. Eg måtte undrande medgi at matlysta vart borte første dagane, fordi eg gjekk og kjende på ein ekkel kvalme. Det vart vanskeleg å ete og drikke nok, noko eg visste var heilt naudsynt. Og eg grunda på om eg heldt på å verte sjuk. Kanskje eg ville verte nøydd til å avbryte turen? Men då eg tok avgjerda om å starte, tenkte eg at eg vil ikkje avbryte utan at eg vert heilt nøydd, før skal eg krype om det trengst. Og no fekk eg prøve meg. Seinare forstod eg at det var det uvante slitet som gjorde meg kvalm, men kvalmen gav seg etter kvart, og når eg kom til Trondheim kjende eg meg sprekare enn før eg starta.

Eg veksla mellom å trø sykkelen, eller gå, kilometer etter kilometer dei 70 mila gjennom 4 fylke og 24 kommunar frå Bergen til Trondheim. Men eg var utan ank for anna enn framdrift, mat og kvile. Ellevte dagen kunne eg stige av sykkelen på torget i Trondheim. Målet var nådd.

Den Trondhjemske postveg.

- Starten gjekk 13. september frå Torget i Bergen i aukande regn, og tre timar etter kunne eg krysse Nordhordlandsbrua i skumringstimen. Tanken på å slå opp teltet i silregnet freista ikkje, så eg tok sikte på ei natt under uverskuret på Nordhordland vidaregåande skule. Men eg vart invitert inn på eit varmt personalrom, der eg neste morgon vakna utkvilt, og klar til ny dyst.

Postvegen var merkt av regnet som hølja ned, og det meste av ruta måtte forserast til fots. Eg traska bakke opp og bakke ned, og sleit den tunglasta sykkelen med meg. Gjennom mose og regnvått gras, gjekk eg, gjennom skitdeplar, og over granrøter, barnåler og berg. Eg gjekk meg heilt tom for krefter, så eg sette meg i eit busskur og gnog i meg eit eple, sjølv om eg visste at ferja over Fensfjorden ville gå frå meg. Medan eg venta på ferja, fekk eg tid til å skifte til turt for andre gong den dagen. Aldri før treivst eg slik på eit toalett. I varmen der, sitjande på dolòket, smaka ”Rett i koppensupa” fortreffeleg. I kveldinga steig eg av sykkelen ved Dalsøyra i Gulen, og meir utruleg soveplass enn eg hadde den natta, får eg visst aldri. Maken til gjestfridom og tillit. Eg vart vist inn i ein butikk. Der sov eg på flatseng mellom glas, steinty, leiker, reiskap, målingspann og utsøkt konfeksjon, medan dei dryppvåte kleda mine hang utover i lokalet. Då morgonen rann, var både eg og alle kleda mine turre.

Turglede.

Dagen etter var vergudane meir på parti med ein farande fant, men asfaltvegen var svingete og smal, og det tyktest meg som han gjekk mest i oppoverbakke, fram til Leirvik i Sogn. Postvegen frå Leirvik til Dale går gjennom eit fantastisk vakkert landskap med mange flotte kulturminne. Neste natt oppheldt eg meg midt i det finaste av dei alle. Eg sov i eit av kvernhusa i Skor i Hyllestad. No var kvalmen borte, og turgleda, som før hadde vore fråverande, storma innover meg, og eg kjende ei overveldande opplevingsglede. Eg tok brua, vass- saga og dei fem kvernhusa i grundig augnesyn. Men det sterkaste var naturopplevinga. Kvelden var vakker. Eg låg lenge vaken i soveposen og lytta til Kvernhusfossen som spela ein slik vakker musikk, mektig, brautande og vill. Og eg såg millionar stjerner gjennom ei opa kvernhusdør, medan svarte graner spegla seg mot natthimmelen.

Vegen vidare kunne for ein god del forserast på sykkelen, som vart oversmurd med kuskit og gjørme til langt over hjullagra. Eg naut Guds frie natur i herleg einsemd. Sette føtene i ein surlande, svalande bekk, medan eg mest netto gav ”drallen” i alle mila eg hadde att, og åt min turmat, i varmen frå ei vennleg haustsol. Sola skein som på ein høgsommardag, og synte verda frå godsida. Eg såg vakre mosegrodde stabbesteinar langs vegen, og ein stavstill fjord som spegla fossar og haustgule fjell. Saman med ein dalande dag, kom eg i mørkninga til Bringeland. Den natta sov eg på flyplassen. - Kva vert det neste? undrast eg.

Med postbåt over Breimsvatnet.

På fin gammalveg sykla eg vidare i skodde og regn gjennom kupert terreng, forbi fleire vatn og stølar, før det bar bratt unna bakke mot Førde. Der var eg innom postkontoret, til kvile, mat og prat. Eg hadde vore innom mange postkontor, men no først tok eg turen innom ein avisredaksjon og, litt reklame skulda eg Posten A/S for at dei sponsa turen. ”Firda” fekk interesse for reisa mi, og inviterte til båttur på Breimsvatnet. Om natta sov eg heime hjå redaktør Varpe i Ålhus. Eg fekk så ein frisk sykkeltur i morgonsol langs Jølstervatnet, før eg svinga ned til Breimsvatnet. Fordi Varpe hadde ordna med båtskyss, fekk eg følgje same ruta som postførarane brukte, dei 18 kilometrane over vatnet til Reed.

Kaloriane smelta.

No tok eg fatt på strekninga mot Stryn. Stien over Utvikfjellet gjekk rett mote bakke nærast utan ein sving. No kom det godt med at eg er vand med å ferdast i Sunnmørsfjella. Sola steikte og sveitten rann medan eg sleit meg oppover meter for meter ved sida av sykkelen. Her var han til lite nytte, men verka heller til at det smelta nokre ekstra kaloriar. Ein slik tur kan anbefalast til alle som undrast på kvifor slankekuren ikkje verkar. Omsider stod eg i 600 meters høgde oppe på fjellet. Men så bar det på hjul nedover bratta, til eg straks etter stod ved fjorden i Utvik. Postskyssen over fjorden til Faleide var diverre innstilt for over hundre år sidan. Men eg kom til snilt folk, og noko over ein time seinare hala Reidar Bruland og eg sykkelen på land på kaia ved Faleide. Litt etter sat eg midt i postriket, og såg utover Utvikfjorden der posten før vart rodd over i allslags ver. Gjestfridomen var like sjølvsagd no som i gamle dagar, og eg vart vennleg tilboden husly i gamlehuset til Rasmus Faleide. Men før eg roa meg til natta, hadde eg ei hyggeleg stund saman med Rasmus og kona, som baud på herleg laurdagskveldsmat.

Framhjulet losna.

Vegen vidare gjekk over Markane i Stryn, der det er furuskog, lyngmark og grasgrodd sti. No hadde eg heile vegen plage med sykkelveska som tok borti eikene på framhjulet. Ikkje før eg var nede på riksvegen ved Grodås, forstod eg grunnen. Framhjulet hadde losna, og no datt mutteren som skulle halde hjulet på plass. Hadde det skjedd i dei bratte og kronglete bakkane ned frå Kjøsahalsen, så hadde nok ikkje korkje postreisa eller livsvegen min vorte lenger. Kjerrevegen der er ”klistra” i bratthenget over Hornindalsvatnet, som ligg svart og brådjupt langt under. Eg fekk hjelp til å feste hjulet, og ferda kunne fortsetje gjennom sentrum i Hornindal og vidare mot Hellesylt der dagsreisa enda. Om natta var eg åleine på campingplassen der. Så langt utpå hausten såg eg ingen andre på campingtur.

Finaste stykke på postvegen?

Neste dag bar det over Ljøfjellet, som var den høgste og mest krevjande strekninga på heile den Trondhjemske Postveg. Det var lettskya, litt sol, og det vart ein herleg tur, utan sykkel. Postmeister Langeland på Hellesylt frakta sykkelen gjennom tunnelane, der eg fann han att etter ein flott tur over det 800 meter høge fjellet. Eg sat ei stund og såg innover Geirangerfjorden langt nedunder, der kongeørna krinsa i solglansen over ein sylvblank fjord. Haustfargane hadde fått tak, og Herdalsbrekka var full av bregner som lyste i sjatteringar i brunt og gult. Eg tenkte på dei som bygde vegen her, alle svingane som er mura opp har kosta slit. Eg tenkte og på postbonden Abraham Herdal. Han var på veg med postskreppa ned den bratte Herdalsbrekka då han vart teken av eit snøras. Berginga hans var ein skistav som stakk opp av snøen. Mange mil seinare slo eg opp teltet på Ørskogfjellet. Og mørkret stod tett kring meg, før kveldsmaten var innteken, og lommelykta måtte takast i bruk så eg kunne sjå å leggje meg.

Frå Ørskogfjellet var det med nauda eg klarte å dra sykkelen gjennom ein svært tilvoksen del av gamlevegen, gjennom ”det deiligste landskap jeg hidentil har seet i Bergens stift. Det overgaar endog det alvorlig blide Jølster i Søndfjord”, som biskop Jacob Neuman skreiv etter at han reiste gjennom området. (Sunnmøre høyrde den tida til Bergen stift.) Eg var glad for at ulven ikkje er komen att til desse traktene, for eg hadde ikkje noko langt reip å hengje etter sykkelen, slik dei hengde det etter sleden i eldre tid. Ned Skorgedalen gjekk det unna medan vinden sjoga langs gloheite kinn, og neste stans var ved den imponerande og vakre brua over Vestnes - straumen.

Tjuvar på ferde.

Nordover frå Molde var det for det meste plankekøyring på asfalt- og grusveg, så eg forflytta meg rimeleg kvikt og la bak meg 18 mil dei to neste dagane. Den restaurerte bygningen ved Heggem postopneri og skyss- stasjon imponerte Eg snusa inn atmosfæren som sende meg lukt attende til det syttande århundre. Ved Angvik møtte eg ein hjelpsam mann som skyssa meg over fjorden til Tingvoll, same vegen som posten vart ført, og eg slapp såleis å sykle dei 11 mila rundt. Då eg slo leir ved campingplassen der, stod mørkret tett rundt meg. Neste morgon kunne eg ikkje finne det gode brødet mitt, men eg fann posen like ved, sundriven og tom. Mink eller oter vart mistenkt. Men sykkelhjelmen min var også borte og han kunne vel ikkje minken bruke? Denne dagen sykla eg på grusveg over Tingvolleidet, forbi Bølset postgard og Skei i Surnadal, vidare til Røv, der eg slo opp teltet. Ved sengetid starta det å regne, det styrtregna. Men teltet synte kva det er godt for, ikkje ein tråd vart våt.

Kongevitjing.

Då morgonen kom, kryssa eg Surna ved ferjemannsstua, der dei før måtte rope på ferjemann frå Haukarhaugen for å kome over elva. No er vassdraget utbygt, og elva førte så lite vatn at eg kunne ha hoppa tørrskodd over frå stein til stein. Men først såg eg Utigarden som var tingstad og gjestgiveri. Det er ei flott bygning som har husa fleire kongar. Då Kristian V. budde her i 1685, vart det laga ti kongetavler til minne om hendinga. Nokre av dei heng på husveggen i Utistua. På den eine tavla står: ”Til en ævig hvkommelse at kongen her paa gaarden havver spiset og hvilet. Oprettet af. kongel. majestets fovgt paa Nordmør, Christian Johansen Rasbech, Anno 1685.”

Like forbi fylkesgrensa i Sør – Trøndelag var eg innom Garberg som var postopneri, skyss- stasjon og gjestgiveri. Der var eit vakkert tunmiljø, med fint restaurerte hus. Karjolen var tom, og eg møtte ingen på den vesle biten av postveg som var intakt forbi garden.

Mot målet.

Siste natta sov eg på gjestgjevarstaden Fannrem, før eg tok fatt på sveittetokta over Sundlibakkane til Buvika. Eit stykke frå Trondheim punkterte bakhjulet på sykkelen, og eg som ikkje kunne lappe! Sidan eg var så nær målet, tok eg ikkje bryet med å finne ”lappehjelp”, men pumpa luft i hjulet og sykla vidare i toppfart, til lufta seig ut. Pumpa så att, og sykla vidare. Slik kom eg meg innom bygrensa, men innsåg at eg nok måtte ta bussen siste stykket. Då eg stod og venta på bussen, fekk Rasmus Todnem auge på meg. Han tykte det var underleg at ein syklist med slik opp-pakning skulle ta buss, og spurde om eg trong hjelp. Då han fekk høyre om turen min sa han: - Har du sykla heilt frå Bergen, så må du sykle siste stykket også. Eg skal reparere-. Snakk om kjekk ungdom. Litt seinare fekk eg auge på tårnet på Nidarosdomen, og kunne snart etter stige av sykkelen på torget i Trondheim.