Trek Bikes Sponsring Haglöfs ChessHelsportSport 1

Tankar før turen

Ting eg tenkte på då eg bestemte meg for å prøve:

  1. Ta draumen på alvor, og start med å planleggje i tanken.
  2. Det er aldri for seint å realisere ein draum, men ein må kanskje endre draumen etter helse eller alder.
  3. Når sjansen er der. Ikkje utset, men ha mot til å ta steget frå draum til handling.
  4. Kva kan realisering medføre? Tenk gjennom positive, og negative følgjer, (vær realistisk). Veg så desse opp mot kvarandre.
  5. Dersom eg kan tenkje meg å leve med slitet, kan eg fortsetje.
  6. Kan eg leve med dei negative følgjene? Og er det eit nederlag å gje seg før målet er nådd?
  7. Det er berre den som ikkje startar som risikerer nederlag.
  8. Nederlag er å ikkje våge å prøve.
  9. Når eg deler oppgåva i delmål, vil eg greie noko.
  10. Eg skal gjere det eg kan for å nå målet. Men eg har ikkje lova nokon, ikkje meg sjølv eingong, å kome fram. Ikkje gløym det!