På sykkel frå Ystad til Kirkenes
Her kan du fylgje meg og utviklinga av min nye hoftemedisin: Ein sykkeltur frå Ystad til Kirkenes gjennom Sverige og Finland.
Då eg nærma meg 60 år og fekk stadig meir problem med artrose i ei hofte (forkalking i hofteleddet som gjer at eg blir stiv i leddet tog får vondt), foreslo legen min at eg kunne byrje å sykle. Han blei likevel litt betenkt då eg fortalde om planen min om å sykla Norge på langs og på tvers.
I ein alder av 68 år – ein hofteoperasjon og ein kneoperasjon seinare, samt med ei ny hofte på venteliste for operasjon – skal eg no fullføre siste delen av min draum om å sykle Skandinavia rundt.
Skriv gjerne ei helsing i gjesteboka.
Med venleg helsing,
Valborg Hustadnes, Januar 2010

