Trek Bikes Sponsring Haglöfs ChessHelsportSport 1

Kviven forlag

Kviven Forlag er mitt eige firma. Eg starta det i 2005 for å kunne gje ut ei eiga bok. Dette fordi eg syntest ei bok er ein god måte å ivareta arven etter sæterkulturen, som er ein viktig del av norsk historie.

Sidan forlaget kom i gong har eg skrive og gitt ut tre bøker som handlar om lokalhistorie på Søre Sunnmøre, to av dei er utgitt på eige forlag. Dei to første bøkene fortel historia om den lokale sæterdrifta, noko som i tidlegare tider sikra levebrødet for mange bønder og dermed sørgde for mat til både familien og buskapen deira. I den siste boka mi, Livsspor i Volda og Ørsta, som er utgitt på Spor Forlag i Ulsteinvik, kan ein lese historier om heilt vanlege menneske i lokalområdet, som fortener å bli hugsa.

 

Bøkene mine

Du kan lese meir om bøkene mine og finne bokmeldingar under kvar tittel i menyen. Dersom du vil bestille bøker går det bra, ta då kontakt med meg på mail eller telefon.