Fottur på Hardangervidda
Hardangervidda Nasjonalpark, som vart oppretta i 1981, er den største nasjonalparken i Noreg. Her finst det største høgfjellsplatået i Europa, og den største villreinstamma finst også her. I tillegg er dette det sørlegaste området med arktisk prega flora og fauna. Hardangervidda gjev høve til eit rikt og variert friluftsliv. Hardangervidda er rik på kulturminne, særlig langs vassdraga. Dei mest vanlige kulturminna er de mange sætrane og dei små steinbuene. Et anna spor etter tidligare generasjonar som brukte vidda er dyregraver som vart brukte til å fange villrein i.
Draumen om Hardangervidda.
Vide vidder, mektige toppar, evig snø, og tronge dalar med elvestryk og fossar. Noko av det beste Noreg kan by på av fjellnatur finn ein der oppe på høgfjellsplatået.
Eg voks opp i indre Hardanger, men flytte tidleg heimanfrå, så det vart aldri til at eg opplevde Hardangervidda anna enn frå bilvindauga. I fjor skulle eg endeleg gjere alvor av ein fottur i det som nesten er som mine heimefjell å rekne. Men dei planane gjekk ”i vasken”. Det er ikkje lett å få godveret til å klaffe med fridagane hennar Audny. Men ein dag i haust slo tanken ned i meg. Skal draumen verte noko av, ikkje vent til det høver for andre. Gå no. Etter at Yr var sjekka og vermeldingane var rimeleg bra, pakka eg ryggsekken, lasta i bilen og drog sørover. I kveldinga kom eg til Eidfjord, og køyrde den smale og svingete vegen oppover Hjølmodalen som er ein sidedal til Måbødalen. På parkeringsplassen oppe i Hjølmoberget der stien innover vidda startar, rigga eg meg seng bak i varebilen, og kraup i soveposen før mørkret fekk heilt overtak. Turen hadde eg tenkt å gjennomføre, nesten uansett. Livet er her og no, om framtida veit ingen.
Tryggingstiltak
Neste morgon trør føtene mine oppover, og innover vidda i vår nasjonale storstove. Det går trått i motbakkane, og pustepausane vert mange. Sekken min er altfor tung. Eg har hastverkspakka, og har med fleire unødige ting i tillegg til klede, mat, vottar, lykt, og tryggingstiltak som mellom anna sovepose og Jervenduk. Dei to siste er med dersom ein etappe vert for dryg for mine aldrande ledd, og eg må ta pause over natta. Den nye hofta av stål fungerar perfekt, men fleire ledd står for tur til å gå i søppelbytta.
Etter ei tid flatar terrenget ut og motane vert lettare inn mot Vivelid. Der tek eg inn på turisthytta, sjølv om det meste av dagen er att. Best ikkje starte for hardt. Vivelid ligg ca. 950 moh, der Hjølmodalen går over i Veigdalen som er ei av Hardangervidda sine finaste perler.
Etter god kvild og interessant opphald på Vivelid, går eg innover den vakre Veigdalen. Dalen er open og vidar seg fleire stader ut til store myrsletter. Stien går langs elva Veig. Det synest som ho ikkje veit leida, slik ho buktar seg gjennom dalen, svingar frå ei leid til ei anna. Mange gamle stølar ligg langs elva, og eg undrar meg over strevet, og over korleis dei fekk buskapen med seg så langt innover fjellet. Hedlo og Hadlaskar er to stølar eg kjem til, begge ligg over tusen moh og der er turisthytter som tilbyr overnatting for ein sliten vandrar.
Naturoppleving
Tredje dagen brukar eg 9 ½ time på dei 6 timane turboka fortel om. Eg går over Skinfjellet (1228) og langs Søre Nordmannsslepa, langs elvar og vatn, for det meste i over tusen meters høgde. Det meste av tida ser eg Hårteigen (1690), den imponerande kjempa som ragar opp over alle fjell og er synleg frå mest heile Hardangervidda.
Og eg tuslar åleine. Tankane og fantasien får ro. Eg høyrer stilla, fuglen og fossen. Ei stor oppleving som eg ikkje ville vere utan. Himmel og snøflekker, elvar og vatn. Eg går meg på eit rypekull, åtte i talet. Dei er ikkje skjerre så eg får god tid å beundre dei. Så mange umåteleg vakre planter her finst. Vier, fjellbjørk, graskledde bøter, og blomar som gøymer seg for vinden i rivner i berget. Og så alle slag mose og lav då, alt er vakkert. Ettersom eg kjem lenger inn i fjellet, og høgare opp, kryp vegetasjonen lenger og lenger ned mot bakken.
Og veret har skikka seg. Sola held seg borte, men eg går berrarma kvar dag, berre ein gong pustar vinden seg opp såpass at jakka må på.
Stavali og Husedalen
På Stavali er det framleis stølsdrift, og eg kjem tidsnok til å meske meg med nykokt rjomegraut. Aldri har graut og spekemat smaka meg betre. Om kvelden silregnar det og skodda legg seg tungt, men neste morgon er det det same fine lettskya veret. No går turen mot slutten. Eg har berre att drøymeturen nedover mot Kinsarvik. No skal eg få sjå Husedalen og dei flotte fossane i Kinso som har vore i ynskjekista mi lenge. Stien går i slyng over nokre høgder, før han skrånar nedover. Fleire hundre meter går eg nedover glatte, stupbratte svaberg, og det merkast godt i føtene. Elva Kinso er mektig, ho har fleire digre fossefall og renn gjennom ein av dei vakraste og mest urørte dalføra me enno har att på Vestlandet. Vassdraget er freda. Turen var slitet og svien i terne verkeleg verd. Eg fekk ei flott oppleving som vil verte eit kjært minne. I tillegg har eg fått seks flunkande nye negler på tåtippane mine.
