Sykkeltur mellom dei fire geografiske ytterpunkta i Noreg.
Starten
Etter ei flott kulturoppleving med innføring i festninga si soge, og overnatting på Vardøhus festning hjå kommandanten der, starta eg sykkelturen frå Vardø den 17.juni 2002. Då eg 34 dagar seinare kom fram til Lindesnes, hadde eg også vore innom Noregs nordlegaste og vestligaste punkt: Nordkapp og Stad. Totalt sykla eg 3309 kilometer. Den lengste dagsetappen var 185 kilometer, då eg sykla frå eg gjekk av hurtigruta i Bodø klokka 02.00 til eg slo opp teltet neste natt. Gjennomsnittet for ein dag var likevel 96,2 kilometer.
Første velten hadde eg då eg nærma meg Vadsø første kvelden, og dei flotte kulørane etter velten hadde eg til eg var komen halvvegs mot Lindesnes. Sykkelen var og merkt av uhellet. Men det gav ein god porsjon sjølvtillit, når eg for første gong i mitt 60- år lange liv, på eiga hand, fiksa ein mørbanka sykkel så han atter vart i kjørbar stand.
Denne turen er den tyngste ”sommarjobben” eg har hatt, men og den mest innhaldsrike og varierte. Har sykla bakke opp og bakke ned, rundt mange og lange fjordarmar, over fleire fjell, som Kvænangsfjellet, Sennalandet, Hemnekjølen osv. Har sykla i mykje motvind i nord, men og i medvind, særleg over det flate landskapet på Jæren. Det har regna, tora og lynt. Har og sykla gjennom fleire harde haglbyer, der det kjendest som det kunne verte blåflekkar i etterkant. Men det har vore mest skya opphaldsvær, og ein god del sol.
Sterke opplevingar
Har hatt mange fine opplevingar i mektig natur. Har sett mange dyr som t.d. rein og rev. Har kunna følgje med variasjonen i landskapet, med varierande vegetasjon etter som eg sykla sørover. Dyre- og fuglelivet endra seg også. Magerøya og Nordkapp var ei oppleving med den snaue arktiske naturen. Vesterålen og Lofoten er like flott som ”ordet” seier. Landskapet på Jæren, og havet utanfor, gjorde og eit mektig inntrykk. Har ete blåbær, jordbær og bringebær langs vegen.
Dei aller fleste dagane har eg vore åleine. Og einsemda var god, og gav godt høve til ro og refleksjonar. Under matrasten på grasbakken i vegkanten, på ein stein, eller ved bordet på rasteplassen har eg hatt mange fine stunder. Nokre gonger i blank sol, andre gonger med hue, vottar og tettknappa jakke.
Utanom dei fire geografiske ytterpunkta på Noregs fastland, har eg vore i verdas nordlegaste fiskevær, Skarsvåg. Sett storhavet i ro, glitrande i kveldsola ved Stad. Når kvelden kom såg eg skumringa kome, og natteroa fekk overtaket ei stund. Kort sagt opplevingar på det indre og ytre plan.
Eg har møtt mange menneske, og fleire av dei har sett varige merke i minnet mitt. Nokon opna heimen sin for meg, og gav meg både mat og husrom.
Viktige førebuingar
Drivkrafta mi bak Noreg på langs, låg mest i lang tur med enkle midlar, i norsk natur. Men somme meinte at eg starta på eit prosjekt som var dømt til å mislukkast.
Førebuinga til ein slik tur er viktig. Skal ein lukkast, må ein planleggje og førebu seg godt, både psykisk og fysisk. Og det var utfordrande, lærerikt, og ganske arbeidsamt. Det er viktig å ha med det ein treng, og leggje att det unødvendige. Med på sykkelen hadde eg både soverom, stove og kjøken. Toalettveska mi hadde truleg ikkje imponert mange, men med ho på armen, fann eg alltid erstatning for badet som mangla. Til slutt når alt var pakka, var det ikkje mykje plass att til nervetablettar, plaster, spegle, m.m.
Eg visste at det er lurt å ta det med ro i starten, og disponere kreftene rett, og i tillegg forflytte meg på ein slik måte at eg ville unngå slitasjeskader. Men det nytta heller ikkje å somle. Særleg komplisert var det likevel ikkje. Det var berre å late føtene trakke rundt og rundt tilstrekkeleg mange gonger for dag. Dagsordenen var om lag slik: Sykle, sykle, ete, sykle, sykle, slå opp telt. Neste dag. Ut av teltet, ete og pakke. Så sykle, sykle dagen lang. Men mellom morgon og kveld låg eit hav av hendingar, tankar, opplevingar. Ein fri flyt av inntrykk.
Mange utfordringar
Noko av utfordringa var å liggje lenge nok om morgonen, for svanemadrassen var att heime, og senga var hard.
Motbakkane var mange, og unnabakkane var truleg like mange. Det vart å sveitte, så fryse. Men etter ei kraftig forkjøling med litt feber, lærte eg at det er klokt å ta omsyn også til dette.
Nokre dagar var det motvind heile vegen. Andre tider brattbakkar som tyktest endelause. Men eg visste at dei måtte ta slutt ein gong, når eg berre flytte meg meter for meter. Når regnet sila ned og alle klesskift var våte, då var det godt å få tilgang på hus. Det er og surt med haglbyer i juni.
